Velure har vore fungerande i rolla som direktør sidan mars 2024, og no er det klart at han overtek jobben fast. 

Velure er utdanna sivilingeniør frå NTNU, og har også bakgrunn frå Forsvaret. Han har arbeidd i Nkom sidan 2004, og har dei siste åra vore avdelingsdirektør for spektrumsavdelinga.

– Eg er stolt og glad for den tilliten eg har fått. Gode og sikre mobil- og breibandsnett har aldri vore viktigare for oss som innbyggjarar og samfunn enn no. Med avhengigheita kjem også sårbarheita, og derfor er det så viktig at vi held fram arbeidet med å trygge vår digitale infrastruktur, sier John-Eivind Velure.

– Nkom står framfor store oppgåver framover mellom anna med å sikre denne digitale grunnmuren. Velure er ein fagleg sterk og utviklingsorientert leiar som er svært godt kvalifisert til å leie dette viktige arbeidet, seier digitaliserings- og forvaltningsminister Karianne Tung i ei pressemelding.

Klar for jobben

– For å trygge vår digitale infrastruktur på best mogleg vis er vi avhengige av at vi jobbar på tvers av tradisjonelle skiljelinjer mellom privat og offentleg sektor og oss offentlege verksemder imellom. Det vil krevje mykje av oss, men vil vere heilt naudsynt for å levere på samfunnets behov framover. Vi veit at vi kjem til å få meir ansvar då elektronisk kommunikasjon grip inn i så stor del av kvardagen vår. Eg har stor tru på at det viktige oppdraget vil gjere oss i stand til å tiltrekkje oss endå fleire kloke hovud, for det vil vere heilt avgjerande for å lukkast, sier Velure.

Velure er utnemnd for ein periode på seks år, og tiltrer stillinga frå det tidspunkt Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet bestemmer.

NY DIREKTØR: John-Eivind Velure er ny direktør i Nasjonal kommunikasjonsmyndighet, her flankert av ekspedisjonssjef Siri Halvorsen (t.v.) og departementsråd Christine Hamnen (t.h.) i Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet.
NY DIREKTØR: John-Eivind Velure er ny direktør i Nasjonal kommunikasjonsmyndighet, her flankert av ekspedisjonssjef Siri Halvorsen (t.v.) og departementsråd Christine Hamnen (t.h.) i Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet.

Om Nkom 

Nkom skal vere ein pådrivar for sikker, effektiv og berekraftig kommunikasjon for menneske og samfunn. Etaten er underlagt Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet (Dfd). Nkom har som overordna mål å leggje til rette for eit likeverdig og sikkert tilbod av post- og ekomtenester over heile landet. Tilbodet skal vere robust, med tilstrekkeleg kapasitet og funksjonalitet, framtidsretta, av høg kvalitet og til rimelege prisar. Nkom har om lag 160 tilsette og har hovedkontor i Lillesand i tillegg til kontor på Ski, Bergen. Lødingen og Trondheim.