Hopp til hovedinnhold

Digitalt Frekvensforum 16. september

Nkom inviterte til Frekvensforum på nett 16. september. Tema var blant anna 5G-utrulling, spektrumstildelingar og innsyn i spennande forskingsprosjekt.

Opptak frå Frekvensforum

Forumet er av interesse for alle som ynskjer å halde seg oppdatert på aktuelle tema innanfor elektronisk kommunikasjon og frekvensar – med eit særleg fokus på frekvensar for mobilkommunikasjon og 5G.

Det er niande gong Nkom arrangerer Frekvensforum, og i år gjennomførast forumet i nytt digitalt format.

Det er både eksterne og interne foredragshaldarar, som gjer oss ei oppdatering på 5G-utrulling og spektrumstildelingar til mobilkommunikasjon og 5G. Vi fikk også få høyre om elektronisk kommunikasjon og miljø, og innblikk i spennande forskingsprosjekt.

Programmet for Frekvensforum

– Frekvensforum er ein arena der våre fagfolk presenterer nyheiter og informasjon til bransjen og andre interesserte. Vi ynskjer å formidle kva som rører seg innan spektrumsforvaltning nasjonalt og internasjonalt. I tillegg inviterer vi foredragshaldarar som gjev nyttig og spennande kunnskap til våre tema, seier fungerande direktør John-Eivind Velure. 

Her kan du sjå heile programmet på pdf

Presentasjonar frå Frekvensforum

Programmet for Frekvensforum 16. september 2020

Program
Tidspunkt Tittel Beskrivelse
Opningsinnlegg fungerande direktør John-Eivind Velure, Nkom
5G-tildelingar seniorrådgjevar Vibeke Skofsrud, Nkom
Nytt om spektrum fungerande avdelingsdirektør Espen Slette, Spektrumsavdelinga i Nkom
Pause
5G og mobilutbygging Head of RAN Architecture and System Jon Hareide, Telenor, Radio Quality & Solution Manager, Heiki Neskvern, Telia, Head of Radio Geir Andresen, ICE
Eigne frekvensar til private mobilnett? seniorforskar Stig Petersen, SINTEF
Pause
Luftborne plattformar for miljøovervaking seniorforskar Rune Schlanbusch, NORCE
Ein berekraftig ekombransje - korleis kan vi bidra? rådgjevar Nicolay Eckhoff, Nkom
TV i mobilnetta prosjektleiar Gunnar Garfors, NRK
Bruk av dronar til tilsyn senioringeniør Anders Skjøstad Eriksen, Nkom