9 av 10 fryktar sabotasje: Nkom ber små verksemder sikre systema no
Ei undersøking viser at 89 prosent av befolkninga i ulik grad er uroa for sabotasje mot kritisk infrastruktur som mobil- og internettkablar. Sikkerheitsdirektør meiner det er grunn til å vere bekymra.
 
    SIKRE SYSTEMA NO: Sikkerheitsdirektør Svein Scheie i Nkom peikar på at små verksemder må styrkje tryggleiken mot digitale truslar.
Foto: Gunstein Myre/Nkom
– Mobil og internett er noko vi er heilt avhengige av – både i kvardagen og når det oppstår ei krise. Difor er det viktig at bransjen har oppdaterte sikkerheitsrutinar. Vi trur mange framleis har ein jobb å gjere for å verne seg mot truslar og sikre tenestene sine, seier sikkerheitsdirektør Svein Scheie i Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit (Nkom).
Frykta for sabotasje kjem til uttrykk i ulik grad hos nær 9 av 10 i samfunnet, viser ei undersøking Respons Analyse har gjort på vegne av Nkom. Berre 11 prosent svarer at dei ikkje er bekymra eller at dei ikkje veit.
 
– Meir ekstremvêr, hybride truslar og cyberangrep har dessverre vorte ein del av kvardagen. Regjeringa vil difor auke innsatsen for å sikre mobil- og breibandsnetta våre endå betre framover med ny sikkerheitsplan for digital infrastruktur.
Regjeringas nasjonale sikkerheitsstrategi blei lagt fram i mai av ein statsminister som var tydeleg på at verda har vorte meir farleg og uforutsigbar. Eitt av dei tre strategiske hovudprioriteringane er å gjere det norske samfunnet meir motstandsdyktig mot ytre truslar.
Utnytter verdikjeder
Tidligare i år åtvara Nasjonal sikkerheitsmyndigheit (NSM) om at små verksemder som leverer tenester til viktige samfunnsfunksjonar, kan vere ekstra utsette for sabotasje. Store aktørar som Telenor eller Telia kan vere avhengige av underleverandørar for lokal infrastruktur. Eit angrep mot ein liten aktør kan difor råke tenester hos dei store selskapa.
Nyleg gjekk òg Politiets sikkerheitsteneste (PST) ut og peikte på prorussiske aktørar som ansvarlege for dataangrepet mot eit damanlegg i Bremanger. Kort tid etter skjedde nok eit russisk hackerangrep. Sidan påske har òg Sverige vore utsett for fleire titals sabotasjeaksjonar der fiber og mobilmaster har vore målet.
– Hendingane illustrerer korleis styringssystem og verdikjeder kan utnyttast, og at små verksemder ofte er inngangsporten. Vi får diverre ikkje gjort noko med trusselbiletet. Det vi kan og bør gjere, er å verne oss sjølve og verdiane våre. Vi må gjere oss mindre attraktive som mål, seier Scheie.
Tre strakstiltak for små verksemder
Sikkerheitsdirektøren meiner at ein med nokre få grep kan redusere risikoen betydeleg.
– For små selskap i mobil- og internettbransjen kan tryggleiksløysingar opplevast kostbare, og ein har kanskje ikkje tilstrekkelege reserveløysningar. Ved angrep eller teknisk feil kan det dermed ta lang tid å gjenopprette tenester, held han fram.
Tidligare i år lanserte Nasjonal sikkerheitsmyndigheit (NSM) eit nytt verktøy som gjev norske verksemder ein rask vurdering av eigen digital tryggleik og konkrete forslag til tiltak for å styrkje han. Verktøyet er nettbasert og heilt gratis å bruke.
– Eg tilrår alle norske verksemder å gjennomføre cybersjekken. Det tek berre ein halvtime og gjev råd om nyttige tryggingstiltak, seier Scheie.
Nkom har óg utarbeidd tre cyberråd:      
	
	Slå på flerfaktorautentisering (MFA), bruk sterke passord og steng direkte internettilgang til driftssystemer.
	 
	Alle som skal bruke systemet bør ha si eiga personlege innlogging, tidsavgrensa tilgangar og sørgje for å loggføre alle endringar.
	 
	Ta back-up jamleg og oppbevar desse åtskilde frå servere. Øv på «kva gjer vi no?»-scenario, og legg til rette for manuelle rutinar ved straumbrot der det er mogleg.
 Tala er henta frå ei landsrepresentativ nettundersøking gjennomført av Respons Analyse 19.–30. juni 2025 blant 1 062 personer over 18 år. Data er vekte på kjønn, alder og region for å sikre at resultata speglar befolkninga. Feilmarginen er på minst ±5 prosentpoeng, noko som tyder at vi med 95 % tryggleik kan seie at skilnadene vi rapporterer, er reelle. Nøkkelfunn frå undersøkinga:
Om undersøkinga:
Spørsmål: «I kva grad er du bekymra for at kritisk infrastruktur som mobil- og internettkablar blir utsett for sabotasje?»