Endringar i utfakturering frå Nkom
Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit utset planlagt fakturering av ei rekke sektoravgifter og gebyr til tidleg på hausten. Dette på grunn av koronakrisa.
Fylgjande sektoravgifter og gebyr er utsette:
- løyve til bruk av nummer og adresseressursar (forskriftas § 6)
- sendarløyve for PMR og lågeffektsystem (forskriftas § 12)
- sendarløyve for kringkastingstenester (forskriftas § 13)
- andre sendarløyve (forskriftas § 14)
- spektrumsløyve (forskriftas § 15)
- andre frekvensgebyr og sektoravgifter (forskriftas § 16)
Opprinneleg var planen å utfakturere desse sektoravgiftene og gebyra i løpet av våren. På grunn av koronakrisa vil Nkom i staden utsette utfaktureringa til tidleg på hausten.