Internasjonal postregulering
Det er eit omfattande internasjonalt samarbeid innan postsektoren også utanom EU. Nkom deltek her gjennom fleire internasjonale organisasjonar.
CERP (European Committee for Postal Regulation)
CERP er ein organisasjon for styringsorgana innan postsektoren i alle europeiske land. CERP har arbeidsgrupper som jobbar med problemstillingar av økonomifagleg karakter, poststandardisering, overnasjonal postregulering og andre regulatoriske problemstillingar. I tillegg etablerer CERP prosjektgrupper ved høve.
Her kan du lese meir om CERP på deira heimesider.
UPU (Universal Postal Union)
Internasjonalt samarbeid og postregulering vert også drive av UPU (Verdspostforeininga). UPU er eit organ under FN som vart etablert i 1874, og har i dag meir enn 180 medlemsland. UPU har sitt hovudkvarter i Bern i Sveits.
Det øvste organet i UPU er kongressen, som normalt vert halde kvart fjerde år. Neste ekstraordinære kongress blir hausten 2023 i Riyadh. Noreg stiller med delegatar frå Samferdselsdepartementet, Posten Bring og Nkom.
Her kan du lese meir om UPU på deira heimesider.
Poststandardisering i CEN (European Committee for Standardization)
Internasjonalt deltek Nkom i samarbeid med Posten Bring i standardiseringsarbeidet i UPU.
I europeisk samanheng skjer det viktigaste arbeidet innan poststandardisering i regi av CEN, som har oppretta ein eigen komité for utvikling av standardar innan posttenester og -utstyr.
Arbeid med standardisering i europeisk samanheng vert fylgt opp av Standard Norge og Posten Bring AS, som leveringspliktig tilbydar.
I Noreg er det ingen standardar som er pålagde aktørane i marknaden.
amferdselsdepartementet har likevel avtale med Posten Bring om å måle framsendingstid med utgangspunkt i standarden EN13850.
Norsk Standard innan postområdet
EN-standardar på postområdet vert gjort om til Norsk Standard og publiserte av Standard Noreg.