EU-direktiv om post

Det er tre EU-direktiv som etablerer det regulatoriske rammeverket for posttenester innan EU.

Det første direktivet på postområdet i EU var EU-direktiv 97/67/EC "Om felles reglar for utviklinga av ein indre marknad for posttenester i fellesskapet, og forbetring av kvaliteten på tenestene" (postdirektivet). 

Eit endringsdirektiv til postdirektivet kom i 2002 (2002/39/EC), og eit nytt  i 2008 (2008/6/EC). Direktiva er gjennomførte i norsk rett, seinast ved postlova som i hovudsak vart sett i kraft 1.1.2016. 

For meir informasjon om direktiva og om liberalisering av postmarknadene i Europa kan du sjå EU-kommisjonens heimeside om postregulering.

ERGP (European Regulators Group for Postal Services)

EU-kommisjonen har etablert ERGP, eit samarbeidsorgan for europeiske postregulatørar. Nkom deltek som observatør utan stemmerett i ERGP. Her får vi nyttig informasjon frå fleire arbeidsgrupper.

ERGP skal bidra til auka koordinering og samarbeid mellom dei nasjonale tilsynsmyndigheitene, og mellom myndigheitene og EU-kommisjonen.

For meir informasjon om ERGP, sjå EU-kommisjonens nettsider med oversikt over det arbeidet som går føre seg, rapportar og liknande.

Nordisk postsamarbeid

Nkom samarbeider med blant anna andre nordiske styresmakter om postregulatoriske tema. På enkelte område har vi nytte av å samanlikne utfordringar og moglegheiter innan postsektoren i dei nordiske landa. 

Meir informasjon om søsterorganisasjonane våre finn du her: