Levering av aviser
Aviser blir levert i postkasser kvar dag frå mandag til laurdag over heile landet, sjølv om Posten Norge AS (Posten) leverer post annankvar dag. Posten er valt som leveringspliktig tilbydar med ansvar for å levere motsyklisk distribusjon på vekedager. Aktiv Norgesdistribusjon AS er utpeikt som leveringspliktig tilbydar med ansvar for utlevering av aviser i abonnement på laurdagar.
Posten Norge AS og Aktiv Norgesdistribusjon leverer aviser
Staten har kjøpt avisomdeling i områder utan eigne kommersielle avisbodnett. Posten Norge er valt som leveringspliktig tilbydar med ansvar for å levere distribusjon på vekedager. Leveringspliktig tilbydar for laurdagsomdeling av aviser er firmaet Aktiv Norgesdistribusjon AS.
Kontraktane gjeld frå 1. juli 2020 for distribusjon på vekedagar og frå 16. januar 2021 for laurdagsdistribusjon. Kontraktane med både Aktiv Norgesdistribusjon og Posten Norge varar ut juni 2022, med moglegheit for opp til to års forlenging.
Tilbydar med leveringsplikt er underlagt særlege reglar i postlova kapittel 2.