Aldri før har nordmenn kjøpt så mykje mobildata
For første gong er det datapakkar på over 100 GB i månaden dei fleste av oss kjøper.

Dei mindre datapakkane har hatt ein nedgang det siste året.
I 2023 kjøpte rekordmange nordmenn datapakkar på over 100 GB i månaden. Trenden har på ingen måte roa seg. Ved utgangen av 2024 hadde nesten kvar tredje nordmann eit mobilabonnement med ei datapakke på over 100 GB inkludert. Det viser nye tal frå Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit (Nkom).
– Stadig fleire vel abonnement med store datapakkar, og vi ser at behovet for data held fram med å auke. Når mobildekninga er god, og folk brukar mobilen til alt – uansett kvar dei er – blir det naturleg at også databruken skyt fart, seier seksjonssjef i Nkom, Inger Vollstad.
Ho legg til at folk likevel bør vere medvitne når dei vel datapakkar, og kjøper det produktet som passar best til eige forbruk – ikkje berre det som inneheld mest data.

Færre vil ha mindre
Frå 2022 til 2023 auka dei største datapakkane (over 100 GB) med 75 prosent. I 2024 steig salet ytterlegare med 37 prosent. Det betyr at desse abonnementa no er dei mest populære.
Samtidig viser statistikken at dei mindre datapakkane har hatt ein nedgang det siste året. Dei minste pakkane med data frå 1 til 5 GB har hatt ein salgsnedgang på 34 prosent det siste året.
Slik har det utvikla seg
Del av datapakkar med over 100 GB
- 2024: 32 prosent
- 2023: 24 prosent
- 2022: 14 prosent
- 2021: 10 prosent
Del av datapakkar med 20 GB til 100 GB
- 2024: 12 prosent
- 2023: 14 prosent
- 2022: 9 prosent
- 2021: 8 prosent
Del av datapakkar med 1 GB til 5 GB
- 2024: 17 prosent
- 2023: 26 prosent
- 2022: 29 prosent
- 2021: 32 prosent