Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit (Nkom) publiserer årsmeldinga for 2023 etter godkjenning i Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet (DFD). I årsmeldinga vert Nkoms aktivitetar, nøkkeltal og måloppnåing for 2023 presenterte. Årsmeldinga har som føremål å opplyse om vårt samfunnsoppdrag og korleis me arbeider. 

Bladbar versjon Årsrapport 2023.

I 2023 har Nkom levert på viktige oppdrag og bidrege til å utvikle digitaliseringspolitikken nasjonalt, forsterke arbeidet med anti-svindel, styrkt tryggleiken i vår felles digitale grunnmur og bygt vidare på det viktige samarbeidet i ekom-sektoren. Alt med mål om å gje innbyggjarar og næringsliv god dekning og raskt internett over heile landet. 

 – Arbeidet har gjeve resultat, for aldri før har så mange hatt tilgang til raskt internett i Noreg som no, og auken i 2023 var størst på bygda. 

Fungerande direktør i Nkom, John-Eivind Velure.
– Dekningstala viser at 96,6 prosent av hushalda har tilgang på internett med minimum 100 Mbit/s breibandshastigheit. Det er gode tal på vegen mot regjeringa sitt mål om at alle skal ha rask internettilgang innan utgangen av 2025, seier fungerande direktør i Nkom, John-Eivind Velure.


Arbeid med tryggleik og beredskap er ei kontinuerleg oppgåve for oss, og noko me gjev stadig meir merksemd. I 2023 heldt me fram arbeidet med regionale sårbarheitsanalysar i nord for å fjerne sårbarheiter i infrastrukturen, medan me i Nordsjøen har lagt ned stor innsats i å realisere regjeringa si satsing for å beskytte olje- og gassinstallasjonar. 

Ekstremvêret Hans i august vart ei viktig påminning om kva ytre trugslar den digitale infrastrukturen oftast møter på, og kor viktig samarbeidet mellom styresmaktene, tilbydarane og folket er når det stormar som verst, seier Velure. 

I årsrapporten kan ein òg lese om 

  • Korleis Nkom er organisert og våre satsingsområde 
  • Sikkerheitsaktivitetar  
  • Marknadsaktivitetar  
  • Ressursforvaltning 
  • Berekraft 
  • Ressursbruk og måloppnåing 

I 2024 held arbeidet fram under vårt nye departement, Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet. Det nyoppretta departementet har mellom anna ansvaret for å sikre ein heilskapleg digitaliseringspolitikk. Nkom skal vere ein premissleverandør i å utvikle gode løysingar for heile den digitale verdikjeda med eit særleg blikk for den digitale infrastrukturen.