— Teknologien gjer turen tryggare, men ho kan aldri erstatte god førebuing. Ver smart, vis mobilvett og sørg for at nokon alltid veit kvar du er, seier digitaliserings- og forvaltningsminister Karianne Tung. 

Her er nokre gode beredskapstips til kva du bør tenkje på før du legg av garde på tur! 

1. Ikkje stol blindt på mobiltelefonen 

Fjellturar og båtturar på sjøen har ein viktig ting til felles: Dekninga er gjerne ikkje like stabil som når vi er heime. Sjølv om det er klokt å ha med seg telefonen når du skal på tur, bør du ikkje gjere avtalar som er avhengige av at mobilen din har dekning. 

— På fjellet kan også mobiltelefonen gå tom for straum raskare enn du er vant til på grunn av kulde. Difor kan det vere greitt å ta med kompass og papirkart i vasstett pose og sørge for at du veit korleis ein brukar dei, seier seksjonssjef Inger Vollstad i Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit (Nkom).

Sjølv om det er klokt å ha med seg telefonen når du skal på tur, bør du ikkje gjere avtalar som er avhengige av at mobilen din har dekning.
Sjølv om det er klokt å ha med seg telefonen når du skal på tur, bør du ikkje gjere avtalar som er avhengige av at mobilen din har dekning. Foto: Gunstein Myhre.

 

Kulde påverkar batteriytinga, så det kan vere lurt å halde mobiltelefonen varm, tett til kroppen og tørr, for eksempel i ein ullsokk i ein pose i innerlomma. Det er også ein god idé å skru av funksjonar du ikkje brukar, eller bruke batterisparemodus. Reduser skjermstyrken, ta med ein batteribank og varm opp telefonen før du begynner å lade den. 

2. Har du ei smartklokke? 

Dersom du skadar deg i fjellet og må ringe frå smartklokka, er det greitt å vite at dekninga på smartklokka, i likskap med mobilen din, kan vere meir ustabil i fjellet eller på sjøen. Så heller ikkje smartklokka kan ein stole hundre prosent på. 

— Hugs også at ikkje alle smartklokker kan ringast med, for eksempel viss ho ikkje har eige SIM-kort. Nokre klokker er avhengige av å vere nær mobiltelefonen din for å kunne ringast med. Så sjekk klokka di før du legg i veg, råder Vollstad. 

3. Må ha dekning frå minst eitt mobilselskap 

Hugs at du kan ringe naudnummer sjølv om du manglar mobildekning frå ditt mobilselskap, manglar eller har eit øydelagt SIM-kort, eller ikkje har pengar på kontantkortet. Dette føreset likevel at det finst mobildekning frå minst eitt mobilselskap der du er. 

Inger Vollstad

Vi anbefaler at ein familie har abonnement hos ulike operatørar med ulike nett. Då er ein tryggare dersom eitt av mobilnetta er nede, eller du er i eit område der ikkje alle selskapa har dekning. Dette er eit element i eigenberedskap og er viktig også utanom turar i påskefjellet eller på sjøen.
Inger Vollstad

Er du usikker på om det er mobildekning dit du skal?
Sjekk dekningskartet til mobilnettet du tilhøyrer. Men hugs at dekningskarta berre er rettleiande. Dei er ikkje ein garanti for at du får dekning. 112 er nummeret du skal ringe viss ulukka er ute og du også har gått deg vill. 113 ringer du viss situasjonen berre er medisinsk.

UTAN DEKNING? Det er aldri ein garanti for at du har dekning, og det kan vere lurt å sjekke dekningskartet før du legg ut på tur. Foto: Canva
UTAN DEKNING? Det er aldri ein garanti for at du har dekning, og det kan vere lurt å sjekke dekningskartet før du legg ut på tur. Foto: Canva


4. Har du ein «gammal» mobil? 

Dei heilt enkle telefonane med knappar, der ein ikkje kan laste ned appar, er ikkje smarttelefonar. Dei vil ofte ha lang batteritid og kunne gi ei tryggleik i så måte. Men vit at desse telefonane ikkje vil kunne vise naudetatane eksakt hvar du er dersom du ringer eit naudnummer.  

— Unøyaktigheita frå desse telefonane kan ligge på fleire kilometer, akkurat som med smartklokker, understrekar Vollstad. 

5. Lengre og tyngre tur? Ta med eigna utstyr 

Skal du på langtur eller til avsidesliggande stader i fjellet utan dekning, så ta med deg eigna utstyr. 

— Dette kan vere satellittelefon, ein personleg naudpeilarsendar eller ein skredsøkar. Sett deg inn i, og test utstyret i god tid før turen. Det vil sjeldan fungere ringe naunummer frå satellittelefon, fortel Vollstad. 

Nummeret til hovedredningssentralen (HRS) kan også vere godt å ha med seg på dei spenstigaste turane i terreng utan mobildekning. Skriv dei ned på ein lapp og ta med i lomma: Alarmtelefonnummeret til HRS Nord-Noreg er 75 55 90 00 og til HRS Sør-Noreg 51 51 70 00. 

God påsketur!