Fem mobilvettreglar for påska
Enten du skal til fjells, til sjøs eller på tur andre stader i påska, har dei fleste av oss med oss både mobiltelefon og smartklokke. Men kor mykje kan du eigentleg stole på teknologien?
MOBILVETT: Vis mobilvett på påsketur.
Foto: Adobe Stock
Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit (Nkom) har laga fem mobilvettreglar som alle bør tenkje på før dei legg ut på tur.
– På fjellet kan mobiltelefonen gå tom for straum raskare enn du er van med, på grunn av kulda. Difor kan det vere lurt å ta med kompass og papirkart i ein vassfast pose, og sørgje for at du veit korleis du bruker dei, seier seksjonssjef Inger Vollstad i Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit (Nkom).
– Teknologien gjer turen tryggare, men kan aldri erstatte gode førebuingar. Ver smart, vis mobilvett og sørg for at nokon alltid veit kvar du er, seier digitaliserings- og forvaltningsminister Karianne Tung.
Her er ei grei sjekkliste med fem råd til påskefolket:
1. Ikkje stol blindt på mobilen
Fjellturar og båtturar har éin viktig ting til felles: Mobildekninga er ofte langt meir ustabil enn ho er heime. Sjølv om det er lurt å ta med mobilen på tur, bør du ikkje gjere deg avhengig av at han alltid har dekning.
Kulde påverkar batteriet, så det kan vere lurt å halde mobilen varm, tørr og tett inntil kroppen, til dømes i ein ullsokk inni ein pose i innerlomma. Det er òg smart å slå av funksjonar du ikkje bruker, eller setje telefonen i straumsparingsmodus. Reduser lysstyrken på skjermen, ta med batteribank, og sørg for at mobilen ikkje er kald når du byrjar å lade han.
2. Smartklokka er heller ikkje fullgod tryggleik
Dersom du skadar deg i fjellet og må ringje frå smartklokka, er det viktig å vere klar over at også ho kan ha ustabil dekning i fjellet eller på sjøen. Du bør difor ikkje stole fullt og heilt på smartklokka heller.
– Hugs at ikkje alle smartklokker kan brukast til å ringje med. Nokre manglar eige SIM-kort, medan andre er avhengige av å vere nær mobiltelefonen for å fungere. Difor bør du sjekke korleis klokka di verkar før du legg i veg, seier Vollstad.
3. Det må vere dekning frå minst eitt mobilnett
Du kan ringje nødnummer sjølv om du ikkje har dekning hos ditt eige mobilselskap, manglar SIM-kort, har øydelagt SIM-kort eller ikkje har pengar på kontantkortet. Men det krev at det finst dekning frå minst eitt mobilnett der du er.
– Vi tilrår at familiar har abonnement hos ulike operatørar med ulike nett. Då står ein tryggare dersom eitt nett er nede, eller ein oppheld seg i område der ikkje alle selskap har dekning. Dette er ein viktig del av eigenberedskapen, også utanom påsketuren, seier Vollstad.
4. Enkle mobiltelefonar har òg avgrensingar
Dei enkle telefonane med knappar, som ikkje er smarttelefonar, har ofte lang batteritid og kan gi ekstra tryggleik på tur. Samstundes er det viktig å vite at slike telefonar ikkje kan oppgi nøyaktig posisjon til naudetatane dersom du ringjer eit nødnummer.
Unøyaktigheita kan vere på fleire kilometer, akkurat som for smartklokker.
5. På lengre turar må du ha riktig utstyr
Skal du på langtur eller til avsidesliggjande område i fjellet utan dekning, bør du ta med eigna utstyr.
– Det kan til dømes vere satellittelefon, personleg nødpeilesendar eller skredsøkjar. Set deg godt inn i korleis utstyret fungerer, og test det i god tid før turen. Det vil sjeldan fungere å ringje nødnummer frå satellittelefon, seier Vollstad.
Det kan òg vere lurt å ha med telefonnummeret til Hovudredningssentralen (HRS) på dei mest krevjande turane i område utan mobildekning. Skriv numra ned på ein lapp og legg han i lomma: HRS Nord-Noreg har alarmnummer 75 55 90 00, medan HRS Sør-Noreg har 51 51 70 00.
God påsketur!