— Mobil- og breibandsinfrastrukturen blir stadig viktigare for samfunnet vårt. Auka digitalisering stiller krav til at vi kan vere på nett utan problem. Ekstremvér, graveskadar, dårleg vedlikehald og sabotasje kan gje utfall av nettenester. Derfor er det viktig å kartlegge sårbarheiter og gjere tilhøyrande tiltak. Rapporten frå Nkom gjer oss eit godt grunnlag for dette viktige arbeidet, seier kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik (Sp).

Kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik
Kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik Foto: Trond A. Isaksen


Han fekk analysen overlevert hos Digitaliseringsdirektoratet i Brønnøysund denne veka. Analysen viser at den digitale infrastrukturen i regionen er relativt god på et overordna nivå, men identifiserer òg klare sårbarheiter.

Direktør Pål Wien Espen, Nkom
Direktør i Nkom, Pål Wien Espen


— Norge har generelt et godt utbygd nett, men for å legge til rette for videre teknologiutvikling og digitalisering av samfunnet er det svært viktig å jobbe systematisk og langsiktig med sikkerhet og robusthet i ekomnettene. Nkom jobber i nært samarbeid med kommersielle selskap for en styrket digital grunnmur i hele landet, og nå er analysen for Nordland er klar. Gjennom arbeidet med rapporten har vi fått økt kunnskap og enda bedre bilde av kompleksiteten i nett og tjenester i Nordland, sier Pål Wien Espen direktør i Nkom.

Analysen viser at det er sårbarheiter knytt til at fleire aktørar er samla på same lokasjonar og i felles fiberstrekk. Ein enkelt hending vil derfor kunne påverke fleire aktørar samtidig.

Tiltaka omhandlar etablering av fleire tverrsamband, ekstra føringsvegar via utlandet, redusert samlokalisering og utarbeiding av retningslinjer for sikring av landtak. Desse tiltaka vil bidra til auka sikkerheit og beredskap i regionen.

Trøndelag neste

Den offentlege versjonen av rapporten er utarbeidd på bakgrunn av den meir utfyllande og sikkerheitsgraderte risiko- og sårbarheitsanalysen for Nordland. Nordlands-rapporten er en del av ein serie regionale risiko- og sårbarheitsanalyser Nkom gjennomfører på oppdrag frå Kommunal- og distriktsdepartementet. Nkom har tidigare gjennomført tilsvarande analyse for Troms og Finnmark. Nkom er nå i gang med å gjennomføre risiko- og sårbarheitsanalyse for Trøndelag.