.no er tryggast i verda!
Trykkjer du på ei lenkje til ei nettside som sluttar på .no, kan du etter all sannsyn leggje til grunn at ho er til å stole på. Det norske domenet er faktisk det tryggaste i verda.
.jpg)
Foto: Nkom
Du er kanskje ein av dei mange som har blitt utsett for klassisk SMS-svindel – du får ei melding med ei lang og rar lenkje som du blir beden om å trykkje på.
Slike lenkjer kan du få tilsendt på SMS eller gjennom andre nettbaserte meldingstenester, og målet til svindlaren er at du skal trykkje på lenkja, tru at du er på ei seriøs nettside og gje frå deg sensitiv informasjon.
– Det er ikkje alltid like lett å vite kva for lenkjer og nettsider som er trygge, og kva for einar ein bør halde seg unna. Eit godt råd er å gå til den offisielle nettsida ved å søkje den opp sjølv, seier avdelingsdirektør i Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit (Nkom), Kamilla Sharma.
Men det finnes nettsider som er tryggare enn andre. Den norske landskoden .no er faktisk den tryggaste i verda akkurat no, ifølgje DNS Research Federation.
Noreg i verdsklasse
Alle nettsider har ei lenkje som høyrer til anten eit generisk domene (til dømes .net) eller eit landsbasert toppnivådomenet (til dømes .no eller .se).
Det er Norid som fordeler og held orden på det norske domenet, medan Nkom fører tilsyn for å sikre at Norid følgjer ekomlova og domeneforskrifta.
– Hovudgrunnen til at .no kjem så godt ut, er at Norid har hatt god namneforvalting med gode registreringsrutinar over lang tid. Dette arbeidet er svært viktig for at tilliten til digitale tenester ikkje skal bli svekt, seier Sharma.
Nedst på lista finn du toppnivådomene som .cc, .vip og .top. Sluttar ei lenkje med desse toppkodene, bør du vere ekstra varsam.
– Lista over andre utrygge toppkodar er lang, så det luraste du kan gjere er å søkje opp nettsider sjølv og ikkje trykkje på lenkjer du får tilsendt, seier Sharma.
Verda møtes i Noreg for å snakke om internett
Frå 23. til 27. juni kjem heile verda til Noreg for å diskutere korleis ein skal forvalte internett i framtida under FN-arrangementet Internet Governance Forum (IGF).
Då vil blant anna eit av tema vere korleis ein skal jobbe saman for å stoppe digital svindel.
Ønskjer du å lære meir om desse tema? Då kan du lese meir om arrangementet og melde deg på her innan 18. juni.