Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit (Nkom) har i det internasjonale samarbeidet «European Blockchain Sandbox» delt verdifull kunnskap om sitt arbeid med cybersikkerheit, elektronisk identifikasjon (eID) og andre digitale tillitstenester. Og det løner seg å dele. No har Europakommisjonen nemleg smykka Nkom med den gjeve tittelen «The Most Innovative Regulator». 

─ Vi er sjølvsagt veldig stolte av å ha fått denne prisen, seier seniorrådgjevar Stine Gjøsund Åsbu i Nkom.

Frå svindel til tillit 

Blockchain er ein ny og innovativ teknologi som lagrar informasjon om digitale transaksjonar, til dømes kven som gjennomfører transaksjonen eller kva som vert overført. I dag er teknologien mest brukt innan kryptovaluta, men fleire private og offentlege aktørar ser no på moglegheiter for å utvide bruken.

Teknologien har hatt eit litt dårleg rykte på seg og har vore knytt til diverse svindelmetodar innanfor mellom anna kryptovaluta, men er no i ferd med å bli ganske så stuerein
senioringeniør Alexander Ohinoyi Braaten i Nkom.

─ I teorien understøttar Blockchain-teknologien alt som krev digital tillit. Alt frå digitale valuta, handel og banktransaksjonar til digitale signaturar, identitetar og register av alle slag, held Braaten fram. 

Sikkerheit i høgsetet 

European Blockchain Sandbox vart etablert av Europakommisjonen i 2023 med mål om å fremje innovativ bruk av det som heiter Distributed Ledger Technologies (DLT) – ein digital infrastruktur som gjer det mogleg for fleire aktørar å lagre data i eit desentralisert nettverk. Dette til forskjell frå ein felles database som er plassert på eitt stad. 

─ Det betyr at informasjonen blir spreidd over heile nettverket, og data blir lagra i blokker, altså på fleire stader, utan eit sentralt kontrollpunkt. Dermed må alle blokkene bli einige om ei endring dersom ho skal vere gyldig, forklarer Braaten. 

Det europeiske samarbeidet er ganske ferskt og første fase vart nyleg gjennomført. Europakommisjonen har publisert European Blockchain Sandbox – Best practices report basert på dette arbeidet – som gir nokre tilrådingar i bruk av blockchain på tvers av ulike sektorar.

Kvifor velje Blockchain-løysing? 

  • Sikkerheitsrisikoen blir spreidd mellom aktørar i eit nettverk, framfor på eitt sentralisert system som er meir sårbart. 
  • Alle partar må godta endringar, noko som gjer det vanskelegare å gjennomføre svindel der ein må endre på delar av løysinga. 
  • All data er kryptert, og då blir det vanskelegare for uautoriserte å skaffe seg tilgang. 
  • Fordi teknologien blir distribuert over heile nettverket, fordeler den også operasjonelle kostnader og fjernar unødvendige mellomledd. 
  • Løysinga er transparent, det vil seie at alle transaksjonar blir lagra, loggførte og er sporbare – noko som aukar tilliten til tenestene som blir tilbydde.