Postutvalets rapport er lagt frem
I dag har Postutvalet lagt frem si rapport om framtidas berekraftige posttenesta.
Rapporten frå Postutvalet føreslår at brev skal leverast til betente postpunkt som post i butikk, med moglegheit for postkasselevering éin gong i veka for dei som treng det. Utvalet tilrår også at postboda får nye oppgåver, og at prøveprosjektet "På dørterskelen" kan bli ei varig ordning på kommersielt grunnlag. Målet er å sikre eit berekraftig og framtidsretta postsystem som møter både dagens og framtidas behov.
– Posttenesta er ei berebjelke i Noreg og utvalets arbeid er viktig for å peike retning for utviklinga av tenestene framover. Digitaliseringa av Noreg endrar korleis vi lever liva våre og også korleis vi forheld oss til post. No skal vi setje oss grundig inn i rapporten, seier Kamilla Sharma som er avdelingsdirektør for Marknad og tenester i Nkom. Nkom er ansvarleg myndigheit for å føre tilsyn med postsektoren i Noreg.
Mandat for arbeidet
Samferdselsminister Jon-Ivar Nygård oppnemnde i januar et hurtigarbeidande utval som skulle sjå på framtidas berekraftige posttenester og om postboda skulle få nye oppgåver. I dag mottok han utvalets rapport frå utvalsleiar Elisabeth Aarsæther. Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit (Nkom) har bidrege i sekretariatet til utvalet.
Utvalet har fått i oppdrag å skrive en rapport som skal utgjere et beslutningsgrunnlag for innretninga på framtidas postteneste. Du kan lese hele utvalets mandat her.
Utvalets medlemmer
Utvalet har vort leia av Elisabeth Sørbøe Aarsæther som er direktør i Direktoratet for samfunnsikkerheit og beredskap (DSB)
I utvalet har følgjande medlemmer delteke:
- Frode Danielsen, direktør i Digitaliseringsdirektoratet (Digdir)
- Gerd Øiahals, leiar for Fagforbundet Post og Finans
- Grete Rusten, professor i økonomisk geografi ved Universitetet i Bergen (UiB)
- Katrine Holm Reiso, seniorøkonom i Menon Economics
- Lars Bjerke, kommunedirektør for Asker kommune
- Malgorzata Agnieszka Cyndecka, førsteamanuensis i rettsvitskap ved Universitetet i Bergen (UiB)
- Odd Inge Bardal, fylkesdirektør for transport og infrastruktur i Nordland fylkeskommune
- Per Magne Tveiten, konsernsjef i Mentor Medier og nestleiar av hovedstyret i Mediebedriftenes Landsforening