Samfunnskritisk personell får prioritert tilgang i 5G-netta
Regjeringa vil fornye ordninga med prioritet i mobilnetta for personell med samfunnskritiske oppgåver og foreslår å auke løyvinga med 7 millionar kroner i 2022.

Foto: Gunstein Myre
– Den sikkerheitspolitiske situasjonen i Europa gjer det nødvendig å auke vår nasjonale digitale beredskap. Prioritetsabonnement for tale og data er eit viktig tiltak for dette, seier kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik (Sp).
Den nye ordninga vil gjelde for 4G- og 5G-netta, og både tale og data vil få prioritet. Dei tre mobiltilbydarane Ice, Telenor og Telia vil implementere løysinga i sine nett innan september 2023, og det er Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit (Nkom) vil følgje opp dette arbeidet.

— Dette er eit godt tiltak frå regjeringa, og me ser fram til å få dette på plass slik at me sekrar ein enda betre tilgang til mobilnetta framover for samfunnskritisk personell, seier Pål Wien Espen, direktør i Nasjonal kommunikasjonsmyndighet (Nkom).
Dei tre mobilnetta til Ice, Telenor og Telia har høg kvalitet og sikkerheit. Men utfall kan skje, til dømes ved ekstremvêr og fiberbrot. I tillegg kan det ved hendingar som samlar mange menneske, som konsertar, føre til at mobilnetta ikkje klarer å ta all tale- og datatrafikk, og at det til dømes blir vanskeleg å ringe.
For å få prioritetsabonnement må verksemder søkje Nkom, med grunngjeving for kvifor det er eit slik behov. Det kan gjerast her