- Vårt tryggleiksarbeid har bidrege til auka merksemd i sektoren. Vurderingane våre har også ført til at regjeringa har prioritert nye sikringstiltak, seier direktør John-Eivind Velure i Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit (Nkom).

Nkom publiserer årsmeldinga for 2024 etter godkjenning i Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet (DFD). I årsmeldinga vert Nkoms aktivitetar, nøkkeltal og måloppnåing for 2024 presenterte. Årsmeldinga har som føremål å opplyse om vårt samfunnsoppdrag og korleis me arbeider.

Bladbar versjon Årsrapport 2024

2024 skriv seg inn i historia som eit retningsgivande år for elektronisk kommunikasjon og post. Med ny ekomlov, nasjonal digitaliseringsstrategi, ei samla totalberedskapsmelding og postutvalets rapport om framtidas posttenester, har Nkom ansvarsområde blitt sett på agendaen.

- Fjoråret var eit år der vi har fått stadfesta kor viktig eit godt og solid tilsynsarbeid er, slik at vi kan ha tillit til at våre digitale tenester fungerer når vi treng dei. Hendingane i naudnummer-tenestene hos Telenor har særleg vore alvorlege, seier Velure.

I årsrapporten kan ein òg lese om

  • korleis Nkom er organisert og kva som er våre strategiske satsingsområde
  • tryggleiksaktivitetar 
  • marknadsaktivitetar 
  • forvaltning av frekvensar
  • berekraft
  • ressursbruk og måloppnåing
  • styring og kontroll i verksemda
  • vurdering av framtidsutsikter

2025 vert eit år der endå meir handlar om tryggleik og beredskap. Det har også regjeringa slått fast i regjeringserklæringa, for i løpet av 200 dagar skal det leggjast fram ein tryggleiksplan for elektronisk kommunikasjon og nye tiltak, for å sikre den digitale infrastrukturen.