Slutt for breiband i koparnettet: Skaff deg eit alternativ no
Etter 170 år i drift legg Telenor ned koparnettet for godt i Noreg.

EIN EPOKE ER OVER: Alle i Noreg må no få internett levert på andre måtar når Telenor stengjer koparnettet for godt 2. september. Her står seksjonssjef for breiband i Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit, Øyvind Halvorsen.
Foto: Gunstein Myhre
Alle i Noreg må no få internett levert på andre måtar, til dømes gjennom fiber og mobil.
– Ved årsskiftet var det framleis 10 000 kundar som hadde ei koparlinje for breiband. I midten av august i år var talet 2 500, så det går i rett lei, seier seksjonssjef Øyvind Halvorsen i Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit (Nkom).
Den 2. september takkar likevel koparnettet for seg.
– Målet vårt er at ingen skal stå utan nett når koparnettet vert stengd. Dei fleste kundane er alt over på fiber eller moderne mobilnett, men nokre få står att, seier Halvorsen.
– Vi ber alle som framleis har breiband i koparnettet om å ta kontakt med noverande breibandsleverandør og be om tilråding om alternativ. Vi veit at ikkje alle les e-post eller tek telefonen, og somme har utdatert kontaktinformasjon hos leverandøren sin. Ta difor kontakt sjølv for å unngå at internett sluttar å fungere, held han fram.
Kvifor skjer dette?
Koparnettet var Noregs første landsdekkjande nett, bygt i 1855 for fasttelefoni og seinare brukt til breiband. Telenor avvikla kopar for eigne kundar i 2022. Nedlegginga kjem av at kundane går over til raskare og meir stabile teknologiar, i tillegg til høgt straumforbruk, fleire feil og kostbart vedlikehald i koparnettet.
Les meir: Alternative løsninger når kobberbredbånd legges ned - Nkom