I den siste tida har det vore fleire hendingar der kriminelle gjev seg ut for å vere unge jenter på sosiale medium og lokkar til seg intime bilete og videoar. Deretter blir offera pressa for pengar med trugsmål om at innhaldet blir delt med familie og vener, eller spreidd på internett dersom dei ikkje betaler.

– Dette er ein av dei grovaste formene for svindel og utpressing – og rammar særleg gutar heilt ned i 10-årsalderen. Dessverre er dette ein etablert metode, og det er førebels ingen indikasjonar på at det går over. Mange saker blir aldri rapporterte. Difor bør foreldre snakke med borna om denne typen svindel og kriminalitet, seier anti-svindelekspert i Nkom, Johannes Vallesverd.

Han leier òg den nasjonale ekspertgruppa mot digital svindel.

Eit stort problem

I april lanserte Kripos ein rapport om seksuell utpressing med økonomisk motiv som viser at fenomenet er eit stort samfunnsproblem.

– I perioden januar 2023 til november 2024 har minst 1891 norske personar vorte utsette for utpressing. 98 prosent av dei utsette er gutar og menn. Det er likevel store mørketal knytte til rapportering av seksuell utpressing med økonomisk motiv, seier seksjonsleiar Lise Matheson i Kripos.

Kripos har oppretta kampanjen «Flørt eller fake» som handlar om den vurderinga dei vil at gutar og menn skal gjere, for å unngå ein situasjon der dei vert utsette for seksuell utpressing.

Ifølgje Kripos kan utpressinga opplevast svært traumatisk, og på verdsbasis finst det ifølgje dei fleire døme på at det har fått katastrofale følgjer.

Ikkje betal noko!

– Vårt råd er fyrst og fremst å ikkje dele sensitivt innhald, men har du først gjort det og blir utsett for utpressing, er det viktig at du bryt kontakten og ikkje betaler noko. Ofte vil betaling berre føre til fleire krav. Ikkje handter slike ting åleine, sjølv om du blir beden om å teie. Del tankane dine med nokon du stolar på. Og ta kontakt med politiet, rår Vallesverd.

Ekspertgruppa mot digital svindel blir leia av Nkom i samarbeid med Økokrim og fleire andre private og offentlege aktørar. Leiaren for førebyggjande eining ved Økokrim, Fredrik Andre Lykken, håpar at ekspertgruppa kan sjå på tiltak for å avgrense misbruket.

– Vi vil ta opp sårbarheitene knytte til seksuell utpressing på nett, og vi håpar å finne forbetringstiltak på nokre av desse, seier Lykken.

Er du utsett for seksuell utpressing med økonomisk motiv?

Her er nokre råd:

  • Bryt kontakten med utpressaren så snart som mogleg.
  • Ikkje betal. Dersom du betaler, kjem det vanlegvis fleire krav.
  • Rapporter kontoen/profilen til tenesta du er på.
  • Dokumenter mest mogleg av det som har skjedd. Noter kva for tenester, kanalar og kontoar som vart brukte både av deg og av utpressaren, adresser, telefonnummer, kontonummer, betalingsinformasjon osb. Ta skjermbilete av samtaletekstar, informasjon på profilar og bilete eller video av den du snakka med.
  • Ikkje slett programvare du har installert. Fjern heller ingen kontoar. Vent til politiet har fått gjennomført naudsynte undersøkingar.
  • Kontakt politiet så raskt som mogleg. Tid er ein kritisk faktor i slike saker. Du kan kontakte politiet ved å møte opp, ringje 02800, kontakte nettpatruljen der du bur, eller kontakte Støttesenteret for kriminalitetsutsette.
  • Er du under 16 år? Du kan få hjelp og rettleiing hos Statens barnehus.

Les meir om svindeltrenden og kva ein kan gjere: