Det seier sikkerheitsdirektør i Nkom, Svein Scheie. Tidlegare har Nkom varsla at dei planla å publisere hovudfunn og førebels konklusjon før jul.

 – Vi forstår at mange har behov for å få svar på kvifor dette har skjedd og kva konsekvensane blir for Telenor, og vi kan forsikre om at vi jobbar så effektivt og grundig som mogleg. Tilsynet omfattar fleire alvorlege hendingar, og det har vore nødvendig å utvide tilsynsarbeidet fleire gonger. Det er også grunnen til at arbeidet tek noko lengre tid før vi kan offentleggjere våre hovudfunn og førebelse konklusjonar, seier Scheie.

Delrappport om organisering av naudnummer i Noreg

Dette er hendingane: 

29. august var 112 råka av utfall i nesten 2,5 timar, og innringarane fekk ikkje kontakt med naudsentralane. 

16. september oppstod det ein feil som gjorde at samtalar til naudnumra blei oppfatta som stumme anrop hos naudetatane. Anropa frå Telenors kundar til 113 viste dessutan tidvis feil telefonnummer frå innringar. 

Utfallet natta mellom 17. og 18. oktober varte i over tre timar. Naudnumra 110 og 112 blei råka, men situasjonen blei avhjelpt av reserveløysingar. 

13.november opplevde Telenor feil på fleire system knytta til mobilnettet. 110, 112 og 113, pluss 02800, fungerte ikkje som normalt frå kl. 10.25 til kl. 16.40. I tillegg var det i same periode lang oppkoplingstid for vanlege samtalar.