Velkomen til PMR-dag 14. september
Privat/Profesjonell Mobil Radio (PMR) er viktig i dagens samfunn. Mange tenester nyttar PMR som hovud- eller som reservekommunikasjon. Dette er ei regulert teneste som krev frekvensløyve frå Nkom. Nkom ønskjer å tilrettelegge for fortsatt bruk av PMR.
For å kunne selje PMR-radioar må ein vere registrert som forhandlar eller importør. Dersom ein skal installere fastmontert radioutstyr, må ein vere autorisert ekominstallatør.
Den 14. september 2022 arrangerer Nkom seminar om PMR.
Staden for seminaret er Scandic Oslo Airport Hotel på Gardermoen.
Seminaret er gratis. Bindande påmelding innan 20. august.
Talet på deltakarar er avgrensa. Ved fullteikning vil registrerte radioforhandlarar og ekom-installatørar bli prioritert.
Dagen vil innehalde aktuelle tema både for den som sel PMR-utstyr og som installerer til dømes basestasjonar.
Aktuelle temaer:
- PMR i Nkom (info, søknadsprosess, rutiner, kanalplanar mm.)
- Regelverk for utstyr, plikter for forhandlar
- Autorisasjon, samsvarserklæring
- Bruk av jaktradio og sikringsradio
- Frekvenskontrollen med demo av målebil
- PMR i framtida (5G?)
Detaljert program vil bli sendt til deltakarane på førehand.
Praktiske opplysningar:
Programmet startar kl. 09:00 (registrering frå kl. 08:30) og varer til kl. 16:00.
Det vil bli servert lunsj.
Hotellet ligg ca. 4 km frå Oslo lufthavn. Det går shuttlebuss S55 frå flyplassen. Kjem du med bil kan du parkere mot betaling ved hotellet.