Kva inneber ekomlova § 9-3? 

Tilbydarar med sterk marknadsstilling kan ved å tilby bindande forpliktingar unngå at Nkom pålegg særskilde forpliktingar etter ekomlova § 6-4. Føresegna gir tilbydarar mogelegheit til å foreslå tiltak som løyser identifiserte konkurranseutfordringar. Det kan blant annet innebere: 

  • Samarbeidsavtaler: Tilbydarar kan inngå samarbeidsavtaler som gjer spesifikke pålegg etter ekomlova § 6-4 unødvendige. For eksempel kan dette være kommersielle avtaler som sikrar tilgang til nødvendig infrastruktur eller opning for grossisttilgang. 

  • Saminvesteringsavtaler: Aktørar kan tilby å inngå saminvesteringar i nett med svært høy kapasitet. Slikt samarbeid bidrar til større nettdekning og høgare tenestekvalitet i marknaden, jf. ekomlova §§ 9-1 og 9-2. 

  • Frivillig utskiljing av aksessnett: For å lette tredjepartstilgang kan tilbydarar skijle ut aksessnettet. Dette kan opne for at fleire tilbydarar kan tilby tenester til sluttbrukerane via same infrastruktur, jf. ekomlova § 7-14. 

Krav til tilbodet 

Tilbodet må være grundig dokumentert og tilstrekkeleg detaljert til å mogeleggjere en vurdering fra Nkom. Følgjande element må vere inkludert: 

  • Tidsplan for gjennomføring 

  • Rammer for korleis forpliktingane skal gjennomførast 

  • Varigheit av forpliktingane 

Disse detaljane skal sikre at Nkom kan vurdere kva betydning tilbodet har for konkurransesituasjonen og korleis det løyser dei konkurranseproblema som er identifisert i marknaden. 

Marknadstest og vurderingskriterium 

Før Nkom aksepterer tilbodet skal det gjennomførast ein såkalla marknadstest. Dette er en høyringsprosess kor interesserte aktørar, inkludert mogelege samarbeidspartnarar, kan gi innspel. Marknadstesten sikrar at tilbodet er tilpassa behovet i marknaden. Nkom kan la vere å gjennomføre marknadstesten dersom tilbodet vurderast som «klart utilstrekkeleg», jf. ekomlova § 14-2. 

Ved vurdering av tilbodet vil Nkom spesielt legge vekt på om: 

  • Tilbodet er rimeleg, rettferdig og tilstrekkeleg dokumentert. 

  • Tilbodet er ope for alle marknadsaktørar. 

  • Tilbodet legg til rette for rettidig tilgang på rettvise, rimelege og ikkje-diskriminerande vilkår, forut for lansering av tilhøyrande sluttbrukartenester. 

  • Tilbodet fremmer berekraftig konkurranse i sluttbrukarmarknaden. 

  • Tilbodet legg til rette for samarbeid om infrastruktur med svært høg kapasitet. 

Oppfølgingsprosedyre og mogelegheit for justeringar 

Etter ei innleiande vurdering vil Nkom gi tilbydar ei førebels tilbakemelding om tilbodet oppfyller dei nødvendige kriteria og kva for nokre justeringar som eventuelt bør gjerast. Tilbydaren kan så tilpasse sitt tilbod for å imøtekomme dei innvendingane som er framlagde. 

Bindande avgjerd og varigheit 

Nkom kan avgjere at forpliktingane i tilbodet skal vere bindande for ei bestemt periode, noko som sikrar stabilitet og føreseielege vilkår for både tilbydaren og dei aktørane som vil nytte seg av tilbodet. Nkom kan også forlenge varigheita av forpliktingane dersom det framleis blir sett på som nødvendig for å løyse konkurranseproblema. 

Kontakt Nkom 

For spørsmål om § 9-3 og rettleiing om korleis et tilbod kan utformast, kan tilbydarar med sterk marknadsstilling kontakte Nkom på firmapost@nkom.no