Kva inneber føresegna i ekomlova 7-10? 

Ekomlova § 7-10 retter seg mot tilbydarar med sterk marknadsstilling i eitt eller fleire grossistmarknader, men som ikkje opererer i sluttbrukarmarknader for elektronisk kommunikasjon. Om du er ein slik tilbydar, kan du i utgangspunktet ikkje påleggast like strenge plikter som verksemder som opererer både i grossist- og sluttbrukarmarknaden, såkalla vertikalt integrerte selskap. 

Føresegna i ekomloven § 7-10 er ny og gjennomfører ekomdirektivet artikkel 80. 

Hovudpunkt i føresegna 

1. Tilgangsplikt og Ikkje-diskriminering: 
  • Tilbydar med sterk marknadsstilling og som ikkje opererer i sluttbrukarmarknaden, kan påleggast plikt til å gi tilgang til sine nettverk og tenester. 

  • Dei må også følge prinsipp om ikkje-diskriminering, slik at alle aktørar i marknaden behandlast likt. 

  • Det kan også påleggast plikt til rimeleg og rettferdig prissetting. 

2. Avgrensa pliktar: 
  • Tilbydarar som ikkje tilbyr tenester eller har interesser i sluttbrukarmarknader, kan som hovudregel ikkje påleggast ytterlegere plikter utover tilgangsplikt, ikkje-diskriminering og rimeleg prissetting. 

3. Vurdering av selskapsstruktur: 
  • Ved vurdering av plikter skal Nkom ta stilling til om tilbydaren oppfyller følgjande vilkår: 

  • Alle selskap og forretningseiningar i tilbydars verksemd, samt selskap kontrollert av same overordna eigar, driv eller planlegg å drive verksemd berre i grossistmarknader for elektroniske kommunikasjonstenester. 

  • Tilbydaren har ikkje inngått eksklusivitetsavtaler som binder han til å handle med berre ein annan tilbydar som opererer i sluttbrukarmarknaden. 

Kva betyr dette for di verksemd? 

Om di verksemd har sterk marknadsstilling i grossistmarknaden, men ikkje opererer i sluttbrukarmarknaden, vil de bli pålagt å gi tilgang til nettverk og tenester på ein ikkje-diskriminerande måte og til rimelege priser. Dette skal bidra til å halde oppe ein rettferdig konkurranse i marknaden. 

Vi tilrår at de gjennomgår selskapsstrukturen og avtalene dykkar for å sikre at dei oppfyller krava i den nye føresegna. For meir informasjon eller spørsmål, ta kontakt med Nkom.