Reglane skal gi sluttbrukarane økt valfridom og meir effektiv utnytting av eksisterande infrastruktur. Bygging av parallell infrastruktur kan både vere kostbart og fysisk vanskeleg å gjennomføre. Offentleg regulering, som til dømes i form av vern av bygningar og bygningsmiljø, kan også utgjere hindringar for installering av ny infrastruktur. Dei nye reglane byggjer på felleseuropeisk regelverk (Ekomdirektivet artikkel 61 nr. 3). 

Kva betyr det nye regelverket for deg som tilgangssøker? 

  • Om du er ein operatør som ønsker tilgang til eksisterande kablar og leidningar i eller utanfor bygningar for å levere dine tenester, gir ekomlova § 10-3 deg rett til å søke slik tilgang, sjølv om du ikkje eig infrastrukturen sjølv. 

  • Du kan be om tilgang til kablar og leidningar som allereie er installerte i bygningar eller fram til første konsentrasjons- eller distribusjonspunkt utanfor bygningen. 

  • Ved å bruke eksisterande infrastruktur kan du levere dine tenester utan å måtte investere i nye kablar eller nettverk, noko som kan redusere kostnadene og tidsbruken betydeleg. 

  • Infrastruktureigarane er pålagt å tilby deg tilgang på rettferdige, rimelege og ikkje-diskriminerande vilkår. Dette gjelder både prising og tekniske forhold. 

Kva betyr det nye regelverket for deg som er operatør, eiger eller disponent av kablar og leidningar i eller utanfor bygningar? 

  • I samsvar med ekomloven § 10-3, kan Nkom pålegge deg som operatør eller eiger av kablar og leidningar i bygningar, eller fram til det første distribusjonspunktet utanfor bygningen, å gi tilgang til denne infrastrukturen for andre tilbydarar. 

  • Dette gjelder uavhengig av om du er utpekt som tilbydar med sterk marknadsstilling eller ikkje («symmetrisk tilgangsregulering»), og er meint å fremje konkurranse og effektiv utnytting av eksisterande infrastruktur. 

Kva betyr det nye regelverket for deg som sluttbrukar? 

  • For sluttbrukarar vil dette bety at det blir enklare å bytte leverandør utan behov for store inngrep eller nye kablar i bygningen. Tenestene blir levert over kablane som allereie er installert, noko som gir deg tilgang til fleire tilbod. Dette forutsett at alternative tilbydarar har inngått avtale om tilgang i samsvar med ekomloven § 10-3. 

  • De nye føresegnene i loven vil sannsynlegvis ha lite å si for sluttbrukarar som har eit privat nett i fellesskap, for eksempel i et burettslag, og som har inngått kollektivavtaler med leverandørar av breiband. Bakgrunnen for dette er at det allereie er krav i regelverket som legg til rette for skifte av breibandleverandør. 

Korleis søker du om tilgang? 

  • Du kan kontakte eigar av den aktuelle infrastrukturen og be om tilgang for å levere tenester til sluttbrukarar. 

  • Om det oppstår ueinigheit om vilkåra for tilgang, kan Nkom pålegge eigaren av den aktuelle infrastrukturen å gi tilgang. Nkom kan  fastsette vilkår for tilgangen, inkludert prisvilkår. 

 Vilkår for å pålegge tilgang 

  • For å få tilgang til et tilkoplingspunkt i bygningen eller til første tilkoplingspunkt utanfor bygning​: 

  • Å duplisere infrastruktur kan ikkje fysisk gjennomførast eller vil være ulønnsamt 

  • Det må med andre ord føreligge fysiske eller økonomiske barrierar, «flaskehalsar», som hindrar at infrastrukturen kan dupliserast. 

  • For å få tilgang til et tilkoplingspunkt forbi første tilkoplingspunkt (dvs. lenger vekk frå bygningen): 

  • Det må finnast eit «særleg tilfelle». I vurderinga skal Nkom blant annet legge vekt på: 

  •  Om dei økonomiske eller fysiske hindringane forbundet med å duplisere infrastruktur er være omfattande og vedvarande 

  • Om hindringane motverker berekraftig konkurranse og gir betydeleg dårlegare tenester eller tenestetilbod, eller betydeleg høgare priser for sluttbrukarane.​ 

BEREC har laget retningslinjer om temaet:  BEREC Guidelines on the Criteria for a Consistent Application of Article 61 (3) EECC. Nkom skal ta størst mogleg omsyn til retningslinjene ved bruk av dei nye reglene.