Grønn Kringkasting får frekvensløyve til DAB lokalradio i Sogn
Nkom og Medietilsynet har tildelt selskapet Grønn Kringkasting frekvensløyve og anleggskonsesjon for lokalradio på DAB i region 21 i Sogn. Løyvet gjeld frå 1. januar 2021 til 31. desember 2031.
Det har nyleg vore auksjon av frekvensressursen til DAB region 21 utan at nokon la inn bod. Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit (Nkom) og Medietilsynet opna derfor for tildeling etter "fyrst til mølla-prinsippet" frå 7. desember, der Grønn Kringkasting var fyrste og einaste søkar.
Grønn Kringkasting
Grønn Kringkasting AS er eigd av Egil Solberg, som også driv selskapet A-Media AS. Selskapet A-Media AS vann nyleg i auksjonen om den landsdekkande ressursen Riksblokk II.
DAB lokalradio region 21
DAB lokalradio i region 21 består av kommunane Sogndal, Lærdal, Vik, Høyanger, Aurland, Hyllestad, Solund og Gulen.