– Eg er svært nøgd med besøket, og eg veit at statsråden tek med seg viktige bidrag i arbeidet med regjeringa sin nye digitaliseringsstrategi som kjem til hausten. Strategien blir målkartet for den vidare digitaliseringa av Noreg, og Nkom sin kompetanse blir avgjerande for utviklinga av den digitale grunnmuren, seier fungerande direktør John-Eivind Velure. 

Statsråd Karianne O. Tung og fungerande direktør John-Eivind Velure.


Statsråden møtte kompetansemiljøet i Nkom og fleire nasjonale ekspertar på sine områder. Ho lærte meir om Nkom, samfunnsoppdraget vårt og kor viktig ein solid, digital grunnmur er for dei måla regjeringa har.

Frekvensforvaltning globalt og lokalt 

Den norske frekvensforvaltninga ligg til Nkom, og seksjonssjef Frode Målen gav statsråden ei innføring i korleis det internasjonale radioreglementet blir forhandla fram. I tillegg fekk ho møte fagmiljøet og høyre korleis frekvensforvaltninga i Noreg blir følgd opp og tildelingar blir gitt, mellom anna til lokale 5G-nett. Ho fekk også gjensyn med frekvenskontrollen, som ho møtte ute i felt i februar i år.

Statsråden fekk ei innføring i den norske frekvensplanen av Frode Målen.
 
Det internasjonale radioreglementet og prosessen for å forhandla det fram blei også presentert for statsråden.


Operativt tryggleiksarbeid og plan for digital infrastruktur 

I Nkoms operasjonsrom fekk statsråden treffe beredskapsvaktene som handterer utfall i ekom-nett. Beredskapsvaktene er på døgnet rundt, og fungerande seksjonssjef Sander Norrøne Ask forklarte statsråden korleis det operative tryggleiksarbeid blir følgd opp. I tillegg presenterte fungerande seksjonssjef Line Ugland Nyseth korleis EkomCERT jobbar i samspel med andre myndigheiter når cyberangrep og digitale hendingar oppstår i Noreg.

Statsråden og fungerande direktør John-Eivind Velure sjekkar utfallskartet.
 
Statsråden sjekkar eige fylke på utfallskartet for dekning i Noreg i Nkom sitt operasjonsrom.


I møte med statsråden gjentok Nkom at Noreg bør få ein langtidsplan for digital infrastruktur. Ein slik plan bør byggje vidare på dei regionale risiko- og sårbarheitsanalysane Nkom gjennomfører for å forsterke den digitale grunnmuren i heile landet.

Dekningskart og KI 

Statsråden fekk møte fagfolka i Nkom sin strategiske analyseeining. Dei forklarte korleis det blir jobba med å utvikle Nkom som ei datadreven verksemd. I tillegg fekk ho sjå eit utval av analyse- og dataprodukt, slik som dekningskartet for breiband.

Det går mykje i skjerm. Her får statsråden presentert dekningskartet for breiband i Noreg av Ben Larsen i Nkom si analyseeining.


Kampen mot digital svindel og for ein berekraftig ekom-sektor 

Svindelekspert Johannes Myhre Vallesverd gav statsråden ei kort innføring i det nasjonale og internasjonale arbeidet som no blir gjort i kampen mot digital svindel. Nkom er med i leiinga av dei nasjonale og globale initiativa. Vallesverd er ein av dei nasjonale ekspertane som jobbar for å styrkje det digitale skjoldet rundt Noreg, slik at færre blir utsette for digital svindel. Arbeidet har gitt viktige resultat, og statsråden fekk høyre korleis 10 millionar svindelanrop til norske mobiltelefonar blei stoppa i mai månad.

Svindelekspert Johannes Myhre Vallesverd fortalte statsråden om det viktige arbeidet Nkom gjer for å hindre at nordmenn blir digitalt svindla.
 
Statsråden blei testa i kva som er svindel og ikkje saman med fungerande direktør John-Eivind Velure og kommunikasjonsdirektør i Nkom Rita Lund Thune.
 
Statsråden signerte den nye ekom-lova som Stortinget skal behandla til hausten. Her saman med mellom anna avdelingsdirektør Kamilla Sharma.


Nkom er også andre land i verda med ein analyse av klima- og miljøfotavtrykket frå den digitale infrastrukturen, og statsråden fekk presentert korleis Noreg kan bidra til å redusere fotavtrykket for ekom-sektoren. Målet med arbeidet er å leggje til rette for eksperimentering, standardisering, samarbeid, innovasjon og næringsutvikling for både å redusere fotavtrykket, men også auke berekraftseffekten av digitalisering i andre sektorar. 

Nikolai Solberg Løvdal og Hanne Jørgensen i Nkom sitt berekraftsteam fekk presentert Nkom si tverrfaglege satsing for ekom-sektoren.
 
Statsråden hadde og eit møte med Nkom si leiargruppe.