Rekordstor støtte til utbygging av breiband
(07.04.2020) Stortinget har løyvd 150 millionar kroner ekstra i støtte til breibandsutbygging. Det gir ein samla sum for 2020 på omlag 406 millionar kroner i statlege midlar til utbygging av breiband i område av landet som ikkje er kommersielt lønsame å byggje ut.
I det ordinære statsbudsjettet for 2020 blei det løyvd om lag 256 millionar kroner til breibandsutbygging. Stortinget vedtok 30. mars i krisepakke 3, å løyve 150 millionar. kroner ekstra, slik at det i år er ein samla sum på omlag 406 millionar kroner i støtte til utbygging av breiband.
- Tida vi no er inne i viser tydelig kor viktig det er at hushald og verksemder over heile landet har lik tilgang til eit godt og robust breiband med høg kapasitet. Gode spleiselag og aktivt arbeid i fylkeskommunar og kommunar gir grunnlag for god auke i breibandsutbygging utanfor kommersielt utbyggbare områder. Det er gledeleg at statleg tilskot til utbygging av breiband er auka betrakteleg, seier fungerande direktør i Nkom, John-Eivind Velure.
Oppdragsbrev frå KMD til fylkeskommunane
Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit (Nkom) har forvalta den statlege breibandsordninga fram til i år. Frå 2020 er forvaltninga overført til fylkeskommunane, som no for fyrste gong får eit eige oppdragsbrev frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD) om forvaltningsoppgåva. Nkom skal framleis gi aktiv rettleiing til fylkeskommunane i samband med bruk av offentlege midlar til breibandsutbygging. Bruk av midlane må følge regelverk for statsstøtte. EFTAs overvakingsorgan ESA har utarbeidd retningsliner for statsstøttereglar for rask etablering av breibandsnettverk.
Spleiselag for offentleg utbygging av breiband
Breibandsordninga er eit spleiselag. Dei statlege løyvingane bidreg til at kommunar, fylkeskommunar, entreprenørar og brukarar vel å investere saman i område som ikkje er rekna for å være kommersielt lønsame. I 2019 blei det løyvd nær 250 millionar kroner i statlege tilskottsmidlar. Desse midlane ser ut til å gi utbygging av breiband verd om lag ein milliard kroner til om lag 19 000 husstandar i Noreg.
Meir om fordelinga av midlane i 2019 finn du her
Fordelinga mellom fylkeskommunane i 2020
KMD har bestemt ei fordeling av midlane mellom fylka. Fordelinga er basert på talet på hushald i område med spreidd busetnad i kvart fylke, som har eit breibandstilbod som gir mindre enn 100 Mbit/s nedlastingshastigheit.
Støtteordninga er retta mot bustader som har mindre enn 30 Mbit/s nedlastingshastigheit i dag.
Fordelingstabell
Det presiserast at antall hushald i tabellen her gjeld hushald i spredd busetnad, basert på SSB si definisjon på spredd busetnad, sjå ssb.no
Fylke |
Ant. hush. |
Andel |
Tilskott 2020 |
Viken |
45 741 |
18,9 % |
kr 76 731 633 |
Agder |
14 746 |
6,1 % |
kr 24 736 934 |
Troms og Finnmark |
11 964 |
4,9 % |
kr 20 069 708 |
Vestland |
19 386 |
8,0 % |
kr 32 520 113 |
Møre og Romsdal |
16 108 |
6,7 % |
kr 27 021 197 |
Nordland |
23 146 |
9,6 % |
kr 38 827 029 |
Oslo |
560 |
0,2 % |
kr 939 255 |
Rogaland |
11 641 |
4,8 % |
kr 19 527 810 |
Vestfold og Telemark |
21 610 |
8,9 % |
kr 36 251 903 |
Trøndelag |
32 524 |
13,4 % |
kr 54 559 627 |
Innlandet |
44 768 |
18,5 % |
kr 75 099 790 |
Noreg samla |
242 195 |
100,0 % |
kr 406 285 000 |