Telia Carrier vann kontrakt om nytt sjøfibersamband til utlandet
Nkom har inngått kontrakt med Telia Carrier Norway AS om etablering av nytt sikkert sjøfibersamband for elektronisk kommunikasjon mellom Noreg og utlandet. Fem aktørar leverte tilbod i konkurransen som blei utlyst i november 2019.
Fem aktørar konkurrerte om kontrakten
Åtte aktørar melde seg på i konkurransen, og fem av desse vart inviterte til å gi tilbod.
- Telia Carrier vann på bakgrunn av eit tilbod som oppnådde best karakter på kvalitet og sikkerheit, og som var blant dei lågaste på støttebehov av dei fem tilboda. Kontrakten er på om lag 29 millionar kroner, fortel sikkerheitsdirektør Elise K. Lindeberg i Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit (Nkom).
Skal auke sikkerheita
Telia Carrier er ein av verdas største aktørar på internasjonal konnektivitet. Telia Carrier vil no utvide sitt eksisterande nett med eit nytt samband frå Oslo, via nytt knutepunkt i Kristiansand og i sjøkabel til Esbjerg i Danmark.
- Løysinga som vi no gir støtte til, vil bidra til å auke sikkerheita for elektronisk kommunikasjon mellom Noreg og utlandet, seier Lindeberg.
Kontrakten med Telia Carrier
Med den offentlege støtta forpliktar Telia Carrier seg til mellom anna å tilby andre tilbydarar grossisttilgang til det nye sambandet på opne og ikkje-diskriminerande vilkår. I tillegg vil den nye etableringa bidra til spreiing av internett-trafikken og anna offentleg elektronisk kommunikasjon mellom Noreg og utlandet, som allereie går gjennom Telia Carrier sitt nett.
- Med avtalen legg vi til rette for auka geografisk spreiing av trafikken mellom Noreg og utlandet i det daglege, og så sikrar vi at våre nasjonale behov blir ivaretatt dersom det oppstår alvorlege hendingar som påverkar den eksisterande utanlandstrafikken mot Sverige, seier Lindeberg.
Bulk Infrastructure AS er underleverandør
Telia Carrier vil nytte Bulk Infrastructure AS som underleverandør, som legg ein ny sjøfiberkabel, «Havsil», mellom Kristiansand og Esbjerg. Denne skal vere operativ frå starten av 2022.
ESA-godkjent statsstøtte
Konkurransen om støtte til nytt sjøfibersamband vart kunngjort i november 2019. Støtta er godkjent av EFTAs overvakingsorgan (ESA), og gjennomført i tråd med lov om offentlege anskaffelsar. Den statlege støtta skal dekke den dokumenterte ekstrakostnaden for å reservere fiberkapasitet til formålet, med vilkår sett av staten. Støtteintensiteten er på 81,7 %.