Unngå dyre mobilfellar i ferien
Skal du reise med ferje til utlandet i sommar? Då bør du vere ekstra merksam på mobilbruken om bord – elles kan ferien bli dyrare enn planlagt.

HØYE KOSTNADER: Mobilen din kan automatisk koble seg til satellittbaserte nett når du er om bord på ferjer eller skip. Da gjelder ikke «Roam Like Home»-reglene, og du kan få ekstra høye kostnader – selv om du er i Europa. Foto: Unsplash.com
– Mange trur dei kan bruke mobilen om bord på ferjer til utlandet utan ekstra kostnader, slik som elles i EU/EØS. Men reglane for roaming gjeld ikkje til havs – og då kan det fort bli dyrt å ringje eller surfe på nett, seier avdelingsdirektør Kamilla Sharma i Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit (Nkom).
Når du er om bord på ferjer eller skip, koplar mobilen seg til eigne basestasjonar som nyttar satellittforbinding til land. Dette blir kalla «ikkje-landbaserte mobilnett», og her gjeld ikkje reglane for «Roam Like Home». Så sjølv om du er i Europa, kan det bli ekstra kostnader viss du brukar mobilen.
– Det første du bør gjere, er å sjå etter informasjonen som finst om bord. Ofte heng det oppslag i nærleiken av resepsjonen eller ved inngangen til ferja, som fortel kva det kostar å bruke mobilen, seier Sharma.
Slå på flymodus
Når mobilen koplar seg til ikkje-landbaserte nettverk – altså skipet sitt eige mobilnett – skal du få ein SMS med prisinformasjon. Då bør du vurdere å slå av dataroaming eller setje telefonen i flymodus for å unngå uventa kostnader.
– Slå på flymodus, og vent eventuelt med mobilbruken til du er trygt i land. Mange mobiloperatørar gir deg også moglegheit til å reservere deg mot å bruke mobildata på skipet sitt nett, til dømes via ein app eller på «Mi side», forklarar Sharma.
Ho legg til:
– Viss du likevel brukar mobilen, skal du få ei varsling når forbruket når 40 euro (om lag 480 kroner). Når du når 50 euro (rundt 600 kroner), skal bruken bli sperra automatisk. For å halde fram må du sjølv godkjenne vidare bruk.
Slå på flymodus, og vent eventuelt med mobilbruken til du er trygt i land. Mange mobiloperatørar gir deg også moglegheit til å reservere deg mot å bruke mobildata på skipet sitt nett, til dømes via ein app eller på «Mi side».
Roam Like Home i EU/EØS og Storbritannia
Når du ferierer i eit EU/EØS-land eller i Storbritannia, kan du bruke mobilen som heime – utan ekstra kostnader for tale, SMS og data.
– Hugs at dette berre gjeld når du oppheld deg i desse landa. Viss du ringjer frå Noreg til utlandet, gjeld eigne utanlandsprisar, opplyser Sharma.
Regelverket gjeld ikkje når du er på reise i land som Sveits, Monaco, San Marino, Andorra, Kanaløyane og Isle of Man.
• Mobilen koplar seg automatisk til skipet sitt eige mobilnett – det kan bli mykje dyrare enn når du er på land.
• Sjå etter prisinformasjon om bord, ofte ved resepsjonen eller inngangen.
• Du skal få prisvarsling på SMS når du koplar deg til eit slikt ikkje-landbasert nett.
• Slå gjerne av dataroaming eller set mobilen i flymodus for å unngå uventa kostnader.
• Du skal bli varsla når forbruket når 40 EUR (ca. 480 kr). Ved 50 EUR (ca. 600 kr) blir tilgangen sperra – du må sjølv godkjenne vidare bruk.
Les meir om reglane for roaming i utlandet
• Pass på wifi-bruken: Bruk wifi når det er mogleg – men ver kritisk til opne nettverk. På usikra nettverk kan informasjonen din bli snappa opp av uvedkommande. Ikkje bruk nettbank eller skriv inn passord på nettverk du ikkje stolar på.
• Last ned innhald før du reiser: Skal du sjå film, høyre på musikk eller bruke digitale reiseguider på tur? Last dei ned på førehand, medan du har tilgang til trygt og gratis nett.
• Hugs straum – og batterisparing: Ta med ein powerbank, og ha oversikt over kva for appar som brukar mest batteri og data. Du kan spare mykje på å slette appar du ikkje treng, og ved å redusere lysstyrken på skjermen.