– Det er all grunn til å vere ekstra på vakt no, seier seniorrådgjevar i Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit (Nkom), Johannes Vallesverd. 

Han er leiar av ei ekspertgruppe mot digital svindel som Nkom har etablert i partnerskap med Økokrim. 

Ifølgje årets Black Week-undersøking, gjennomført av Prisjakt, er nordmenn meir skeptiske til den årlege «handlemånaden» no enn tidligare. Likevel seier 1,4 millionar at dei har planar om å handle, sjølv om målet er å bruke mindre pengar enn i fjor. 

– Svindlarane koplar seg gjerne på sinnsstemningar og pågåande daglegdagse aktivitetar til potensielle offer. Ved hjelp av digitale verktøy som spoofing, forfalsking og svindel-lenker, og gjerne med eit bodskap om at noko hastar, klarer dei å treffe oss i situasjonen, og få oss i saksa. Hugs at dersom eit tilbod er for godt til å vere sant, så er det ofte det, rår Vallesverd. 

Svindelforsøka blir stadig smartare og difor er det viktig at myndigheiter, bedrifter og teleaktørane klarer å stoppe mest mogleg før svindelforsøka når befolkninga. 

– November er ein aktiv månad for svindlarar. Dei er godt i gang med å jakte etter pengar og informasjon, åtvarar Vallesverd. 

Ikkje gå i SMS-fella 

Ifølge Prisjakt-undersøkinga aukar netthandelen, og det veit svindlarar å utnytte. Det er fleire døme på at dei opprettar falske nettsider og presenterer falske tilbod til intetanande kundar for å stele pengar og personleg informasjon. 

– Når vi handlar på nett er det mange lenker som sende på SMS eller e-post, spesielt knytt til levering av pakkar, men også knytt til betaling. Dersom vi har handla fleire stader i same periode, kan det vere at vi blir litt mindre kritiske til kva lenker vi trykkjer på. Vel inne på svindlaranes heimesider kan ein bli møtt med kopiar av ekte sider, der ein blir lokka til å gjennomføre transaksjonar eller laste ned fjernstyringsprogram. Det kan få store konsekvensar, åtvarar Vallesverd. 

Stadig fleire etatar og merkenamn har beskytta sine SMS-avsendernmn i mobilnetteigarane sine SMS SenderID-registre. Svindlarane kan likevel bruke namn som ikkje er registrerte, variasjonar av namn eller telefonnummer. 

I oktober lanserte Nkom ei fersk undersøking som viser at 9 av 10 nordmenn har blitt utsette for svindelforsøk i løpet av det siste året. Heile 70 prosent av svindelforsøka skal ha skjedd over e-post, men nesten like mange har også blitt forsøkt svindla på SMS. 

Les også: Norge skal lede global kamp mot digital svindel

Dersom du er utsett for svindel, hugs at du må kontakte banken, mobilselskapet ditt og melde det til politiet. Du kan tipse politiet i ein eigen nettbasert tipsteneste her. Sjølv om ei melding eller eit tips ikkje fører til konkrete resultat, er det viktig at politiet får vite om svindelen, slik at dei får ei fortløpande og god forståing av svindeltrendar.

Nokre råd for å unngå svindel:

1.   Undersøk om avsendaradressa i SMS-en ser korrekt ut. Sjølv om den framstår korrekt, kan den vere manipulert.

2. Tenk deg om før du klikkar på lenker i ein SMS. Les nøye og sjå etter om lenka ser korrekt ut. Er det skrivefeil i lenken? Pass på!

3. Dersom du ventar på ein pakkelevering, bruk leverandørappen eller selskapet sine offisielle nettsider for å sjå etter informasjon i staden for lenka i SMS-en.

4. Ikkje oppgi bankkontoinformasjon eller BankID, uansett om dei seier dei ringer frå banken eller politiet. Ikkje last ned programvare for fjernstyring.

5. Ver spesielt kritisk dersom nokon du akkurat har møtt ber deg overføre beløp til fleire ulike kontoar eller til utenlandske kontoar. Er du i tvil, vil ofte bankane kunne bistå, etter at du sjølv ringer til bankens offisielle telefonnummer.

6. Ver også kritisk dersom nokon du kjenner tek kontakt på Facebook, Messenger, WhatsApp, Snapchat eller liknande med ønske om at du raskt overfører store beløp. Dobbeltsjekk at det verkeleg er den du kjenner som kontaktar deg. Ring vedkommande på sitt ordinære mobilnummer, eller ring nokon i vedkommande sin husstand for å sjekke.