Inkluderande ekomtenester
Heile 600.000 nordmenn er ikkje digitale eller har låg digital kompetanse. Regjeringa sitt mål er å motverke digitalt utanforskap og leggje til rette for at alle blir inkluderte i samfunnet. Nkom arbeider breitt for å sikre at sårbare grupper skal kunne nytte seg av gode, rimelege og trygge ekomtenester.
Nasjonalt oppdrag
Regjeringa la i 2021 fram ein nasjonal strategi for auka digital deltaking og kompetanse i befolkninga, Digital heile livet. Strategien vart følgd opp av regjeringa si Handlingsplan for auka inkludering i eit digitalt samfunn. Denne inneheld ei rekkje tiltak retta primært mot gruppene som opplever digitale barrierar og digitalt utanforskap. Handlingsplanen skal bidra til at dei som ønskjer å delta digitalt, lettare kan finne støtte og hjelp til å skaffe seg nødvendige digitale verktøy og ferdigheiter. I handlingsplanen har ekomstyresmaktene fått fleire viktige oppdrag. Regjeringa sin Digitaliseringsstrategi fra 2024 vidarefører måla for digital inkludering.
Godt partnarskap og samarbeid mellom styresmakter, næringsliv og frivillige er heilt sentralt for at Noreg skal lukkast med å nå desse måla. Nkom deltek i det nasjonale samarbeidsforumet for digital inkludering som Digitaliseringsdirektoratet på vegne av Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet organiserer. Føremålet er auka samhandling og koordinering av offentlege, frivillige og private verksemder sitt arbeid med digital inkludering.
Nkom samlar ekomsektoren til bransjeforum for inkluderande ekomtenester
Nkom har etablert eit eige bransjeforum for inkluderande ekomtenester slik at bransjen i fellesskap kan bidra i det nasjonale arbeidet som blir gjort for å inkludere fleire digitalt. Ekomsektoren har ei heilt sentral rolle for å nå måla om digital inkludering, og god dialog og godt samarbeid mellom ekomaktørane og Nkom er avgjerande for at sektoren skal lukkast i dette arbeidet.
Bransjeforum for inkluderande ekomtenester skal vere ein arena for deling av kunnskap og erfaringar om korleis ekomtilbydarar kan ivareta sårbare grupper, samt drøfting av aktuelle problemstillingar. Forumet har som mål å bidra til å løyse utfordringar sårbare grupper har med å ta i bruk og nytte seg av ekomtenester.
Fyrste møte i bransjeforumet vart halden 4. september 2024 i Oslo. Det er planlagt eitt møte i halvåret, og eigne invitasjonar blir sende ut til bransjeaktørane.
Nkom byggjer innsiktsgrunnlag
Tiltak for digital inkludering skal byggje på kunnskap og innsikt. Nkom gjer derfor analysar for å byggje kunnskapsgrunnlag for nasjonale tiltak.
-
Ekomtjenester for alle. September 2023.
Prinsipp for inkluderande ekomtenester
Sårbare grupper opplever ei rekkje barrierar knytte til å ta i bruk og nytte seg av mobil- og breibandabonnement. Rapporten «Ekom for alle» byggjer på nær 40 djupneintervju med personar frå gruppene eldre/pensjonistar, personar med funksjonsnedsetjingar, innvandrarbakgrunn og personar med låg utdanning/inntekt. Intervjua avdekte ulike problemområde knytte til kjøp, betaling, bruk og byte av mobil- og breibandtenester.
Med bakgrunn i funna i rapporten og ekombransjen sine eigne erfaringar har Nkom sett i gang eit arbeid for å etablere felles bransjeprinsipp for inkluderande ekomtenester. Det er planlagt ei open høyring på utkast til prinsipp tidleg i 2025.
Tenester og tilbod for funksjonshemma og brukarar med særskilde behov
Nkom si oversikt over tenester og tilbod innan elektronisk kommunikasjon for mellom anna høyrselshemma, blinde og svaksynte finn du på denne lenka: Tilbud for funksjonshemmede og brukere med særskilt behov - Nkom.